Gå videre til innhold
Rå og usminka roman for ungdom frå dansk stjerneforfattar

Pressemelding -

Rå og usminka roman for ungdom frå dansk stjerneforfattar

Samlaget lanserer i september romanen Vulkan av Zakiya Ajmi. Vulkan er ei kjærleikshistorie, men kjærleik mellom menneske kjem til uttrykk på mange ulike måtar. For Anna sine foreldre innebar kjærleiken at Anna og mora hennar kom på krisesenter og måtte flytte til ein ny by.

For Chili, Anna si venninne, er det kjærasten Oscar som betyr alt, spørsmålet er om ho betyr alt for Oscar. Og for Anna sjølv er møtet med Idris noko heilt spesielt. Men det er vanskeleg å finne sin eigen veg i kjærleiken når ein blir vikla inn i alle andre menneske sine kjærleiksforhold.

Anna vil gjerne starte på nytt. Men det er vanskeleg å begynne på eit nytt kapittel når det første kapitelet aldri sluttar. Vulkan er ein poetisk og rå roman om vald og omsorgssvikt, men òg om håp og kjærleik.

Zakiya Ajmi (f.1992) er dansk forfattar av fleire bøker for barn og ungdom. For Vulkan vart ho nominert til Nordisk Råds Barne- og ungdomslitteraturpris 2021. Bøkene hennar handlar ofte om vald, grenser og identitet.

Boka er omsett til norsk ved Runa Kvalsund.

Related links

Emner

Kategorier


Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Kontakter

Merete Pharo

Sals- og informasjonskonsulent barn- og ungdomsbøker 45255110

Velkommen til Samlaget!

Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Samlaget
Mariboes gate 13
Postboks 4672 Sofienberg 0506 OSLO