Pressemelding -
Rå ungdomsroman om sex, skam og pornokultur
Brennaktuell roman for ungdom frå Helene Guåker
Agnes er ein ganske vanleg, dritkåt 16-åring. Det meste ho gjer, er styrt av tanken på éin ting, nemleg puling. Ho ser på porno og rotar med gutar, og til jul får ho ein dildo og ein vibrator av søstera. Agnes blir forelska, drit seg ut på fylla, kjem til skolen måndagen etter og ser at nokon har skrive «Agnes er ei hore» på do-døra. Agnes prøver å balansere mellom å vera villig og å halde att. Korfor kan ein ikkje både vilja ligge og ha ei hand å halde i?
Ned i skjul er ei rå, ærleg og viktig historie om sex, skam og kjensler. Det er ei bok om porno, og om kva forventningar til sex som blir stilt til både gutar og jenter. 52 prosent av unge i alderen mellom 13-18 år seier dei har sett porno på nett, i følgje organisasjonen Lightup. Og pornoen blir stadig meir valdeleg. Kva gjer det med unges syn på sex og kjønn?
Helene Guåker (f.1983) er frå Nes i Ringsaker. Ho har skrive fleire bøker for ungdom og vaksne i ulike sjangrar. I 2017 blei ho nominert til Brageprisen for ungdomsromanen Sveiseblink, medan ho i 2020 blei nominert til både Brageprisen og Kritikarprisen for ungdomsromanen Høgspenning livsfare.
Emner
Regions
Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.