Gå videre til innhold
Foto: Caroline Odden Giske

Pressemelding -

Rått om funksjonsnedsetting, kroppskompleks og aksept

Ann Helen Kolås Ingebrigtsen er aktuell med boka, På ein skala frå ein til ti, hennar tredje og mest personlege ungdomsroman.

Miriam har levd med skada fot sidan ho var to år gammal. Ho haltar og har store smerter. Då ho fyller seksten, får ho beskjed frå legane på sjukehuset om at ho må amputere foten. Kort tid før operasjonen møter Miriam den kjekke guten Torjus, som ho blir hovudstups forelska i. Kan ho greie å fortelje han kva ho skal gå gjennom på sjukehuset? Og kva vil han seie når han får vite sanninga om kroppen hennar?

På ein skala frå ein til ti er ei sterk og personleg historie om kroppskompleks og om å kjenne seg annleis. Samstundes er det ei forteljing om å overvinne frykta for å seie sanninga og om å kome seg vidare i livet.

Ann Helen Kolås Ingebrigtsen (f.1980) kjem frå Valderøya i Giske kommune. Ho arbeider som norsklærar i vidaregåande skule. Ingebrigtsen debuterte med ungdomsboka Sinne i 2020, ei bok som vann Bokbloggarprisen og Årets ulest. I 2022 kom andreboka, Eg blir her.

Emner

Kategorier

Regions


Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Kontakter

  • BRUK DETTE_Ann-Helen Kolås Ingebrigsen_(c) Caroline Odden Giske-WEB
    Lisens:
    Bruk i media
    Filformat:
    .jpg
    Størrelse:
    2000 x 1335, 1020 KB
    Last ned
  • 9788234014185 På ein skala frå ein til ti.jpg
    Lisens:
    Bruk i media
    Filformat:
    .jpg
    Størrelse:
    1583 x 2492, 1.38 MB
    Last ned