Gå videre til innhold
Bø og Bæ og stakkars Bo
Bø og Bæ og stakkars Bo

Pressemelding -

Radarparet Bø og Bæ er tilbake!

Bildebøkene om Bø og Bæ er å rekne for moderne klassikarar, og no er dei endeleg tilbake etter 15 år! Denne gongen skal dei besøke Bo som har fått seg ny sykkel, med tre gir og handbrems. Men Bo er blitt forkjølt og må bli heime. Stakkars Bo! Bø og Bæ vil muntre opp venen sin, men kva skal dei finne på? På sedvanleg vis endar paret opp i rare og uventa situasjonar, men vonlegvis ordnar det seg denne gongen òg! 

Med ein god dose humor, eit skarpt blikk for detaljar og fantastiske illustrasjonar skildrar Olof og Lena Landström små eventyr, nære venskap og kvardagsproblem. 

Bø og Bæ og stakkars Bo er den åttande boka om saueparet, og det er gått 26 år sidan dei gjorde entre for fyrste gong. Lena og Olof Landström er forfattarparet bak bøkene, kor Lena skriv og Olof teiknar. Paret har samarbeida sidan 1990, og bøkene om Bø og Bæ har jamvel fått internasjonal heider hjå Publishers Weekly som skreiv "A Winning Series!"

Emner

Kategorier


Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Kontakter

Merete Pharo

Sals- og informasjonskonsulent barn- og ungdomsbøker 45255110

Velkommen til Samlaget!

Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Samlaget
Mariboes gate 13
Postboks 4672 Sofienberg 0506 OSLO