Gå videre til innhold
 Ragnhild Kolden klar med "Fredens frosne hjarte" - siste bok i sterk krigstrilogi

Pressemelding -

Ragnhild Kolden klar med "Fredens frosne hjarte" - siste bok i sterk krigstrilogi

Ragnhild Kolden er aktuell med den tredje og avsluttande romanen i sin sterke krigstrilogi, Fredens frosne hjarte. Boka vert lansert på Diktardagar i Lom, Skjåk og Vågå 8.-10.8.

Mai 1960. Krigen har vorte fjern og kan nesten synast gløymd. Krigsrøynslene har vorte til ein bleik, taus understraum i livet til Dagny Vik. Men då Hermod Austo finn restane av eit lik inne i fjellet og kunstmålaren Bentein kjem til bygda, er krigens påtrengjande nærver der att – fullt av løyndomar og uoppgjorde synder.

Med Fredens frosne hjarte avsluttar Ragnhild Kolden sin kritikarroste krigstrilogi om søstrene Vik. Første og andre band i serien heiter I krig og kjærleik og Krigens skugge.
Ragnhild Kolden (f. 1956) er frå Bøverdalen i Lom og bur i Oslo. Ho debuterte i 2010 med romanen I krig og kjærleik. Kolden har også skrive kriminalromanar saman med Vigdis Kroken.

Sagt om Fredens frosne hjarte

"Boka viser solid forfattarhandverk, språket er kreativt og rikt på nyansar. Korte, spissa formuleringar skaper driv og energi, og syg lesaren inn".

May Grethe Lerum, VG (terningkast fem)

Emner

Kategorier

Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Velkommen til Samlaget!

Samlaget
Mariboes gate 13
Postboks 4672 Sofienberg 0506 OSLO