Pressemelding -
Rønnaug Kleiva klar med ny bok som tek for seg kunsten å venne seg til døden; "Tilvenningsøvingar"
I si nye bok Tilvenningsøvingar viser Rønnaug Kleiva korleis det å venne seg til døden er ein jobb i seg sjølv. Det er ein sorteringsjobb. Og ein minnejobb. Å venne seg til døden er å skilje mellom det som er viktig og uviktig. Heilt til denne skilnaden ikkje lenger finst.
Ei dødskiste begynner å bli full. Lofts- og kjellarbuer blir tømde. Ein må lære barna sine dei siste tinga: å luke, å stenge hus ned for vinteren. Ein må gi dei historier frå livet sitt. Gjerne smørje litt tjukt på. Venner og kjenningar går bort, ein etter ein. Namna i telefonlistene ein ikkje lenger kan ringe.
Den nye boka til Rønnaug Kleiva er ei samling dikt og prosatekstar om førebuing, minnearbeid og livsperspektiv.
Rønnaug Kleiva (f. 1951) er forfattar, dramatikar og barnebokforfattar frå Vartdal på Sunnmøre. Ho debuterte i 1985 med diktsamlinga Animasjon, og har seinare gitt ut over 20 bøker i forskjellege sjangrar for vaksne og barn.
Emner
Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.