Gå videre til innhold
Rune Belsvik aktuell med ny barnebok

Pressemelding -

Rune Belsvik aktuell med ny barnebok

Rune Belsvik er for mange kjent som den prisvinnande og kritikarroste forfattaren av Dustefjerten-bøkene. I haust er han aktuell med barneboka Fugleguten, ei poetisk og sterk historie om Lukas, som prøver å finne sin plass i verda, i familien og blant vennene.

Lukas trur at mamma er mest glad i veslesøster Alma. Og når Lukas ikkje oppfører seg, må stakkars pappa kjefte på han. Den fæle Lukas. Det er alltid noko med Lukas.
Heller ikkje bestevennen Nico er alltid så grei. Men ein dag møter Lukas ein annan gut med eit heilt spesielt kjæledyr. Ei svart kråke. Kva er det med denne guten? Og kva skjer om Lukas òg får seg ein fugl? Vil alt bli annleis då?

Boka er illustrert av Sigbjørn Lilleeng.

Rune Belsvik (f.1956) skriv først og fremst for barn og ungdom. Han har og skrive dramatikk, og ei rekkje av bøkene hans er overførte til scenen. Prisar: Kritikarprisen 1997, Sunnmørsprisen 1995, Kulturdepartementets litteraturpris 1994, Nynorsk barnelitteraturpris 1993, Noregs Mållags litteraturpris 1980 og 1993, Brageprisen 2000, Samlagets pris for beste barne- og ungdomsbok 1987 Cappelen-prisen 1987 Melsom-prisen 1983

Related links

Emner


Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Velkommen til Samlaget!

Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Samlaget
Mariboes gate 13
Postboks 4672 Sofienberg 0506 OSLO