Gå videre til innhold
Foto: Agnete Brun
Foto: Agnete Brun

Pressemelding -

Ruth Lillegraven klar med tredje bok i populær spenningsserie for barn

Forfattar Ruth Lillegraven er aktuell med tredje bok i spenningsserien Klodeklubben, ein gjennomillustrert spenningsserie for barn frå 6 år. I Klodeklubben møter vi vennane Vanja, Sivert og Mo i ei vestlandsbygd, og dei  utgjer eit detektivbyrå som tar sakar som handlar om miljø og naturvern. 

I bok tre, Fanga på fjorden, er gjengen på båttur då dei oppdagar ulovleg fiske av hummar i ei vik. Kven tjuvfiskar hummar i sjøen? Og er det ikkje noko mystisk med den nye sjefen på Fiskeriet i bygda? Det blir duka for spenning og dramatikk når Klodeklubben tar saka! 

Serien er illustrert av Jens Kristensen, og Kristensen fekk Kulturdepartementets Illustrasjonspris 2020 for den fyrste boka, Dei svarte svanene.

Kvar bok inneheld ein bonusdel med miljøfakta skrive av Aftenposten-journalist Ole Mathismoen. 

Ruth Lillegraven (f. 1978) har sidan debuten i 2005 skrive ei rekkje bøker i mange sjangrar, for både barn og vaksne. I 2013 vann ho Brageprisen for diktsamlinga Urd. Også dei to diktsamlingane hennar for barn, Eg er eg er eg er (2016) og Skogen den grøne (2018) blei nominerte til fleire prisar.

Jens Kristensen (f. 1975) er illustratør og biletkunstnar. Han har illustrert ei rekke barne- og ungdomsbøker, samt illustrert for magasin, reklame og animasjon. Han fekk Kulturdepartementets Illustrasjonspris 2020 for fyrste bok i Klodeklubben, Dei svarte svanene

Related links

Emner

Kategorier


Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Kontakter

Merete Pharo

Sals- og informasjonskonsulent barn- og ungdomsbøker 45255110

Velkommen til Samlaget!

Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Samlaget
Mariboes gate 13
Postboks 4672 Sofienberg 0506 OSLO