Gå videre til innhold
"Dei svarte svanene" og "Hytta som forsvann" av Ruth Lillegraven og Jens Kristensen
"Dei svarte svanene" og "Hytta som forsvann" av Ruth Lillegraven og Jens Kristensen

Pressemelding -

Ruth Lillegraven og Jens Kristensen aktuelle med miljøkrimserie for barn

12. august lanserer Samlaget dei to første bøkene i "Klodeklubben" – ein heilt ny spenningsserie om miljø og klima for barn i alderen 6–9 år. Serien er skriven av Ruth Lillegraven, illustrert av Jens Kristensen og inneheld ein bonusdel med miljøfakta frå Aftenpostens Ole Mathismoen.

Vanja, Sivert og Mo bur i ei lita bygd på Vestlandet. Men sjølv på ein liten stad kan mystiske ting skje, og det blir dramatisk når dei tre vennene tar opp jakta på miljøskurkane.

I den første boka, "Dei svarte svanene", krasjar ein båt i kaia utanfor fabrikken. Vanja, Sivert og Mo oppdagar oljesøl i fjorden, og dei kvite svanene har fått svart olje på seg. Stammar olja frå båten, eller forureiner nokon fjorden med vilje?

I den andre boka, "Hytta som forsvann", blir fleire av dyra på garden til Vanja sjuke. Samtidig skjer det noko med den tomme hytta i skogen, der Vanja og Sivert alltid har leika. Ein dag blir ho riven, og søppelet flyt rundt i naturen. Kven er det som riv gamle hytter og bygger nye? Og kven er det som kastar frå seg avfall som dyra tar skade av?

Ruth Lillegraven (f. 1978) har sidan debuten i 2005 skrive ei rekkje bøker i mange sjangrar, for både barn og vaksne. I 2013 vann ho Brageprisen for diktsamlinga Urd. Også dei to diktsamlingane hennar for barn, Eg er eg er eg er (2016) og Skogen den grøne (2018) blei nominerte til fleire prisar.

Jens Kristensen (f. 1975) er illustratør og biletkunstnar. Han har illustrert ei rekke barne- og ungdomsbøker, samt illustrert for magasin, reklame og animasjon. 

Emner


Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Pressekontakt

Ragnhild Akselberg Tonheim

Informasjonskonsulent 90124325

Relatert materiale

Velkommen til Samlaget!

Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Samlaget
Mariboes gate 13
Postboks 4672 Sofienberg 0506 OSLO