Gå videre til innhold
Foto: Ola Kjelbye
Foto: Ola Kjelbye

Pressemelding -

Sår og intens roman for ungdom om skuld, sorg og om å vere adoptert

Sommaren har nettopp starta, og Bianca har fått jobb i eit reingjeringsfirma. Adoptivforeldra synest ikkje det er ein passande jobb for dottera, men Bianca har ikkje noko imot det, tvert om. Etter at det verste hende, bryr ho seg ikkje om noko lenger, ho plukkar gjerne sigarettsneipar dagen lang.

Ein dag får ho og ein kollega i oppdrag å rydde ut av ein leilegheit som har vore åstad for eit drap. Bianca grev seg djupt ned i trekantdramaet som førte til mordet, men det einaste ho finn, er si eiga sorg.

I Det verste har allereie skjedd utforskar Marta Söderberg skuld, tap og det å vere adoptert. Söderberg beskriv på sårt vis korleis Bianca føler at ho ikkje høyrer til og kjenner seg som andresortering etter brorens død. Romanen er skriven med nerve og intensitet, og kvar side landar som ein stein i lesaren. For korleis skal ein klare å halde seg oppe når det verste allereie har skjedd?

Romanen er omsett til norsk av Runa Kvalsund.

Marta Söderberg (f.1980) har studert jus og psykologi ved Universitetet i Göteborg. Det verste har allereie skjedd er den femte ungdomsboka hennar.

Lansering 24.august.

Emner

Kategorier


Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Kontakter

  • marta-soderberg_foto_ola_kjelbye
    marta-soderberg_foto_ola_kjelbye
    Lisens:
    Bruk i media
    Filformat:
    .png
    Størrelse:
    2500 x 1652, 4.9 MB
    Last ned
  • 9788234010262_Det_verste_har_allereie_skjedd
    9788234010262_Det_verste_har_allereie_skjedd
    Lisens:
    Bruk i media
    Filformat:
    .jpg
    Størrelse:
    1577 x 2323, 599 KB
    Last ned