Gå videre til innhold
Samlaget gir ut "Nynorsk litteraturhistorie" i 2018

Pressemelding -

Samlaget gir ut "Nynorsk litteraturhistorie" i 2018

I samband med Det Norske Samlagets 150-årsjubileum i 2018 gir forlaget ut Nynorsk litteraturhistorie. Forfattar og professor Jan Inge Sørbø er hyrt inn til oppdraget.

Prosjektet Nynorsk litteraturhistorie tek sikte på å framstilla den nynorske litteraturen frå Ivar Aasen og opp til samtida som ei, samanhengande forteljing.

Sørbø er professor i litteratur og sosialfag og har gjeve ut 22 bøker, dei fleste på Samlaget. Mellom desse biografiar om Arne Garborg og Hans Skjervheim, men også Frå gamle fjell til magma, om den nynorske lyrikken.

Sørbø, som til dagleg arbeider på Høgskulen i Volda gler seg til å ta fatt på arbeidet:

- Litteraturen er nynorskens gåve til verda. Her blir heile breidda i språket teke i bruk, og nynorsk litteratur spenner også frå det grovt folkelege til det inderleg vakre og det høgstemde. Å få arbeida seg gjennom historia til denne litteraturen er eit privilegium, for nynorsklitteraturen har både sitt eige blikk på verda, og går inn som ein integrert del av norsk litteratur som heilskap. Og heilt frå Vinje og Garborg via Vesaas og Fløgstad og opp til Øyehaug og Fosse leverer nynorsklitteraturen litteratur på øvste hylle. For berre å nemna ei handfull. I litteraturhistoria blir det plass til fleire namn, seier Sørbø.

Edmund Austigard seier dette om prosjektet:

-Den nynorske litteraturen er i dag svært livskraftig og mangfaldig, og er ein sjølvsagt og viktig del av den felles-norske litteraturen. Samtidig har den sitt heilt eige utgangspunkt, si eiga historie, som vi synes det er viktig å få dokumentert og analysert.Vi er svært glade for at Jan Inge Sørbø har sagt ja til denne oppgåva.

-Nynorsk har løfta fram erfaringar nedanfrå gjennom røynsler og røyster som har utfordra det kulturelle hegemoniet, og truleg gitt ei meir mangfaldig og demokratisk ålmente. Ei slik historie vil både gje nye inngangar til å forstå utviklinga av den rike nynorske litteraturen, men også norsk litteratur.

Emner

Kategorier


Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Velkommen til Samlaget!

Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Samlaget
Mariboes gate 13
Postboks 4672 Sofienberg 0506 OSLO