Gå videre til innhold
Samlagets vårliste er klar: Jon Fosse, Elena Ferrante, nytt leseunivers for barn m.m.

Pressemelding -

Samlagets vårliste er klar: Jon Fosse, Elena Ferrante, nytt leseunivers for barn m.m.

På vårlista frå Samlaget finn du mellom anna den italienske forfattaren og pseudonymet Elena Ferrante med første band i den internasjone bestseljar-serien Napoli-romanane. Bøkene er ute i 24 land. Mi briljante venninne er tittel på første bok i serien som kjem 10. mars. Ferrante er kritikar- og lesarfavoritt og er plassert på beste-bøker lister over heile verda. Serien vert omsett av Kristin Sørsdal. I mars kjem samtaleboka Mysteriet i trua av Jon Fosse og Eskil Skjedal, der Fosse snakkar nært og personleg om tru og katolisisme. Fosse kjem også med boka Levande stein. Eldre kortare prosa og ei hymne. På lista finn ein også Knekkebrød frå Åpent bakeri, nytt leseunivers for barn; Leseland, no både som papirbøker og tilgjengeleg i ein eigen app. Med dei 12 nye Leseland-bøkene som kjem i vår, aukar prosentdelen med lettlesbøker på nynorsk med 32 %. Samlaget har to debutantar på vårlista, Arne Henning Årskaug (kortprosa) og Veronica Erstad (lyrikk). Rune Timberlid kjem med ny krim om Rolf Randen med handling frå Sognefjorden og Kroken & Kolden leverer ny Gudbrandsdals-krim i god tid før påske. 

Les om desse og alle dei andre bøkene, i katalogen HER

Katalogen ligg også ved som pdf-fil.

Emner

Kategorier

Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Velkommen til Samlaget!

Samlaget
Mariboes gate 13
Postboks 4672 Sofienberg 0506 OSLO