Skip to main content

Samlagsprisen 2020 til Katrine Sele

Pressemelding   •   okt 30, 2020 12:02 CET

Sele vart tildelt prisen på Jølster Hotell i Sunnfjord i går kveld. Ho får prisen mellom anna for bøkene Jølster Hotell. Historier frå eit asylmottak  og Kenneth. Biografien om Kenneth Sivertsen. Prisen er på 50 000. 

Frå grunngjevinga til juryen: "Sele sine forteljingar skildrar og gir djup innsikt i det som bur i oss som menneske og samfunn. Ho utløyser medkjensle til menneska, og samstundes eigarskap til nokre av våre største samfunnsutfordringar.

Tekstane er prega av at Sele har ei eiga evne til å lytte til dei ho skildrar. Difor får ho også lesaren til å lytte. Forfattaren får fram samanhengen mellom individ og felleskap, og teiknar menneska på ein samansett måte, der både sterke og svake sidar har plass, utan at enkeltmennesket blir idyllisert eller dømd, men blir heilt."

Katrine Sele (f. 1972) er oppvaksen i Skottland, Zimbabwe, Bærum og Singapore. Ho er busett i Jølster i Sunnfjord. Tidlegare har ho blant anna gitt ut ei prislønt bok om kunstnaren Oddvar Torsheim, og ho er tildelt Kulturdepartementets nynorskpris for journalistar. I 2013 gav ho ut biografien Kenneth om komponisten, humoristen og gitaristen Kenneth Sivertsen. Og i 2017 kom boka Jølster Hotell. Historier frå eit asylmottak.


Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Kommentarer (0)

Legg til kommentar

Kommentar

Ved å sende inn kommentaren aksepterer du at dine personopplysninger behandles i samsvar med Mynewsdesks Personvernerklæring.