Pressemelding -
Samlagsprisen for 2023 til Brynjulf Jung Tjønn
Samlagsprisen for 2023 går til Brynjulf Jung Tjønn.
I grunngivinga har juryen lagt særleg vekt på dei fire siste utgivingane, Alt det lyse og alt det mørke, Smadra, Kvar dag skal vi vere så modige og Kvit, norsk mann:
"Tjønn gir lesaren innsikt i korleis stemningar og hendingar som eit menneske har tidleg i livet, set sterke spor og er styrande for livet som vaksen. Bøkene skildrar korleis vonde hendingar i barndomen kan føre til at omsorg i neste ledd blir uendeleg vanskeleg. Han viser kompleksiten i eit menneskesinn og i dei medmenneskelege relasjonane. Tjønn fortel med varme og nyanse om menneskelege tilhøve og livet. Den audmjuke forteljeforma gjer at lesaren sjølv må gjera opp si eiga meining. Den gjer at lesaren kan få djupare innsikt i hendingar som har sett spor i eige liv og kva som skal til for å leve vidare med fortida. Bøkene skaper såleis på ein sjeldan måte dialog med lesaren om spørsmål det svært ofte er vanskeleg å snakke om.
Bøkene til Tjønn er forteljekunst om andre, men òg om eigne røynsler. Kvit, norsk mann skildrar adoptivrøynsla og kvardagsrasismen i ei velformulert og tettpakka poetisk form. I opplevingar som odelsgut med høysnue utdjupar Tjønn tematikkar i boka Kinamannmed ei sterk, lyrisk stemme. Kvardagshendingar viser at stereotypiar finst over alt, og det handlar om å leva med eigne minne og minna om andre. Dei tre namna Arve Beheim Karlsen, Benjamin Hermansen og Johanne Ihle-Hansen blir skrivne fram «på det lyse papiret». Alvoret er der gjennom heile samling
Eit særtrekk er Tjønn sine mange stutte og knappe formuleringar, og dessutan hans glimrande sideordnande setningar. At han ofte er tilbakehalden med å tydleggjera drivkrefter og motiv i den forteljande, episke, prosaen sin, smeltar godt saman med og utfyller den knappe og korthogne språklege stilen."
Samlagsprisen er ein årleg pris som skal gå til ein forfattar som skriv nynorsk, uavhengig av forlag og utan krav om å ha gitt ut ny litteratur dei siste åra. Prisen vil annakvart år veksla mellom å gå til ein hovudsakleg faglitterær og til ein hovudsakleg skjønnlitterær forfattarskap. Prisen er på 50 000.
Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.