Pressemelding -
Samlagsprisen for 2024 til Halvor Folgerø
Han får prisen for dei tre bøkene om vegar og ferjer på vestlandet. Prisen vert delt ut på Fest i Fjaler 8. august.
Halvor Folgerø (f 1967) er forfattar, musikar og journalist. Han er oppvaksen på Stord, og har jobba i NRK i ei årrekkje. Dei siste åra har han begeistra lesarar over heile landet med bøkene Vestlandsvegar (2021), Fleire Vestlandsvegar (2022) og Ferjefolket. Storm og stille, fest og fødslar, kjærleik og kø (2024).
Samlagsprisen er ein årleg pris til ein forfattar som skriv nynorsk, uavhengig av forlag og utan krav om å ha gitt ut ny litteratur dei siste åra. Prisen vil annakvart år veksla mellom å gå til ein forfattar som skriv sakprosa og ein som skriv skjønnlitteratur. Prisen er på kr 50 000.
Frå grunngjevinga til juryen:
"Dei tre bøkene er ikkje berre ei opplysingsferd for Vestlandet, men for nasjonen Noreg, som kan ha godt av å vita om korleis veg- og tunnelbygging samt ferjedrift har gått føre seg i vest, korleis folk har reist gjennom landskapa i kvardagen, og for det meste overlevd, men ikkje alltid. For dei som på førehand kjenner ei eller fleire av dei vegstrekka som vert omtala i bøkene, er det ei glede å oppleva dei på ny gjennom Folgerø sine friske briller og skarpe blikk.
Folgerø har med desse bøkene på ein måte skapt sin eigen litterære sjanger, som me rett og slett kan kalla «vestlandsvegar». Forteljingane i bøkene gjev kunnskap, innsikt og opplevingar, og ikkje minst: Dei set verda av i dag i eit nyttig kommunikativt-historisk perspektiv."
Juryen har vore Gunnstein Akselberg, Liv Hege Skagestad og Ingvild Bræin.
Emner
Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.