Gå videre til innhold
Foto: Oda Berby
Foto: Oda Berby

Pressemelding -

Samlagsprisen til Aina Basso

Aina Basso får Samlagsprisen 2021 på kroner 50 000,– for forfattarskapen sin.


Frå grunngjevinga til juryen:

"Aina Basso utmerkar seg i samtidslitteraturen ved å skrive historiske romaner frå ståstaden til unge, utsette kvinner frå historia. Ho hentar fram perspektivet til dei som blir offer for hekseprosessar, omstreifarlivet til reisande, og presset som fabrikkarbeidarar levde under. Dei ho skildrar, opplever naud og eit krevjande liv, der ei uvisse pregar framtidsutsiktene. I dei historiske romanane går ho tett på liva deira, der verda brått kan snu seg mot dei. ... I forfattarskapen har Basso nærma seg samtida. I debutromanen Ingen må vite er året 1734. I Inn i elden er året 1620. I Finne ly er året 1849. I den hittil siste romanen, Ungen, der spedbarnspass blir forsøkt som ein veg ut av det fattigslege livet som hardtarbeidande kvinne i storbyen på slutten av 1800-talet, er ho nesten over i 1900-talet. Vi håpar ikkje denne utviklinga til slutt vil ende i at Basso skriv samtidsromanar, men at ho vil halde fast ved det særpreget som juryen har vedsett ved romanane hennar. Heldigvis vitnar novella «Heim» frå novellantologien til Samlaget frå i fjor om at ho i staden går den andre vegen, endå lenger bakover, ved å utvide seksordsnovellene som finst på runepinner frå mellomalderen til fullverdige historier. Historia har mykje å by på, og Basso klarer å vise korleis fragment frå historia ber i seg dagsaktuelle forteljingar."

Aina Basso (f. 1979) debuterte i 2008 med ungdomsromanen Ingen må vite. Ho har seinare skrive romanar for både ungdom og vaksne, i tillegg til sakprosa for barn og unge om heksejakta i Europa. For Inn i elden blei ho nominert til Brageprisen i 2012 og Kulturdepartementets litteraturpris og Nordisk råds pris for beste barne- og ungdomsbok i 2013. Ho blei tildelt Sokneprest Alfred Andersson-Ryssts pris for romanen Fange 59. For Finne ly (2014) fekk ho Bokbloggerprisen i kategorien Årets roman.

Emner

Regions


Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Kontakter

Karin Helgøy

Kommunikasjonssjef 97019865

Velkommen til Samlaget!

Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Samlaget
Mariboes gate 13
Postboks 4672 Sofienberg 0506 OSLO