Gå videre til innhold
Foto:Tine Poppe
Foto:Tine Poppe

Pressemelding -

Samlagsprisen til Marit Eikemo

Samlagsprisen går annakvart år til forfattarar av sakprosa eller skjønnlitteratur. I år går den til Marit Eikemo for hennar skjønnlitterære forfattarskap. Prisen er på kr 50.000.

Frå grunngjevinga til juryen:

"Eikemo har også skrive essays og reportasjebok, men får prisen først og fremst for dei særmerkte romanane, Mellom oss sagt (2006), Arbeid pågår (2009), Samtale ventar (2011), Alt inkludert (2015), Gratis og uforpliktande verdivurdering (2018) og novellesamlinga Hardanger (2019).

Hjå Eikemo er språket og forma alltid det ein gjerne kallar lett tilgjengeleg - med eit drag av humor og sommetider ikkje så lite elskverdig satire. Forfattaren kan i eigentlegaste meining reknast som ein samtidsforfattar. Med gjenkjennelege rammer møter ein norsk kvardagsliv anten i eit gjennomsnittleg bustadområde i ein by eller på ein tettstad, mellom «folk flest» på den spanske Solkysten, eller som i årets novellesamling, menneske og miljø i eit spesifikt norsk fjordlandskap.

I bøkene granskar Eikemo kva som styrer vala vi tek, kvifor vi gjer det vi gjer, og kva som formar bilda våre av kva som er «det rette livet». Nådelaust utleverer ho korleis vi strevar etter den perfekte familiekvardagen, og korleis lukka sjeldan finst i den perfekte oppussinga eller jakta på dei riktige tinga. Dette blir tematisert i fleire av romanane, som i Alt inkludert og Gratis og uforpliktande verdivurdering.

Eikemos romanpersonar han verke famlande, hjelpelause og irriterande klønete, men dei er nesten alltid skildra med overberande empati. Dei blir sjeldan uthengde og utleverte på infamt vis, berre viste fram for oss av ein skarpsynt og innsiktfull observatør. Vi møter personar som har falle utanfor, og med ekte medkjensle syner forfattaren korleis dei – oftast nyttelaust – strevar med å kome inn i ein fellesskap og få grep om kvardagen.

Men om lesarane hyppig kan smile skadefro over ein råkande og krasst utleverande karakteristikk, kjenner ein like brått at det er vi sjølve som er utleverte.

Marit Eikemo er fødd i Odda 1971, er utdanna cand. mag og har frå 1999 gitt ut ei rad bøker parallelt med ein mangslungen yrkeskarriere. Ho har vore journalist i Bergens Tidende, medredaktør i Syn og Segn, informasjonssjef for Festspillene i Bergen, kunstnarleg leiar for Litteratursymposiet i Odda, sakprosaredaktør i forlaget Vigmostad og Bjørke, dagleg leiar for Cornerteatreret i Bergen og frå 2019 er ho kunstnarleg leiar for Litteraturfestivalen på Lillehammer. I 2018 var ho festpeldiktar under dei Nynorske festspela. Eikemo fekk Nynorsk litteraturpris i 2011 for Samtale ventar og i 2017 fekk ho Amalie Skramprisen."

I juryen for Samlagsprisen sit Dag Nestegard, Kari Marie Thorbjørnsen og Sverre Tusvik

Emner


Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Kontakter

Karin Helgøy

Kommunikasjonssjef 97019865

Velkommen til Samlaget!

Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Samlaget
Mariboes gate 13
Postboks 4672 Sofienberg 0506 OSLO