Gå videre til innhold
"Septologien" av Jon Fosse selt til 11 land

Pressemelding -

"Septologien" av Jon Fosse selt til 11 land

Første band i Jon Fosses storverk Septologien, Det andre namnet er selt til elleve land; Danmark, Sverige, Tyskland, Nederland, Storbritannia, USA, Spania, Ungarn, Frankrike, Slovakia og Italia.

16. oktober blir Septologien lansert internasjonalt på bokmessa i Frankfurt, der Fosse er eit av hovudnamna.

Dei norske bokmeldarane tok svært godt imot første band av storverket og sa mellom anna; "Når siste ord er lest, får jeg lyst til å lese boken en gang til", "Terningkast sju: Fosse i full fyr.", "Mesterlig fra Jon Fosse", "En herlig fest uten punktum!".

Septologien er eit suggererande og storslått romanverk om kva kunst er, om Gud, alkoholisme, vennskap og tida som går. Det handlar om døden, men òg om kva det vil seie å vere i livet. Verket er sett saman av dei tre bøkene Det andre namnet, Eg er ein annan og Eit nytt namn, og dei to neste bøkene vert gitt ut i 2020 og 2021. Verket fekk tittelen fordi det naturleg deler seg i sju.

Emner


Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Kontakter

Karin Helgøy

Kommunikasjonssjef 97019865

Velkommen til Samlaget!

Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Samlaget
Mariboes gate 13
Postboks 4672 Sofienberg 0506 OSLO