Gå videre til innhold
Sigmund Skard-stipendet 2013 til Maria Parr

Pressemelding -

Sigmund Skard-stipendet 2013 til Maria Parr

Maria Parr får Sigmund Skard-stipendet 2013 fordi ho set målgruppa si i sentrum og kompromisslaust stiller seg på barnets side. Prisen er på 25 000,-

Vaffelhjarte er seld til 19 land, Tonje Glimmerdal til 14 land, og sistnemnde blir i haust sett opp på Det Norske Teateret. Vaffelhjarte har gjort suksess som fjernsynsserie på NRK, og vann den europeiske fjernsynsprisen Prix jeunesse.

Frå grunngjevinga til juryen:

"Parr skriv om kvardagshendingar som skuletimar og kjelkeaking, men tekstane hennar er aldri trivielle eller daterte, dei har noko tidlaust over seg. Gjennom å setje barnet i sentrum og gå i augehøgd med karakterane sine, klarer ho å formidle livets sorger og gleder gjennom å kompromisslaust vere på barnet si side.

I Tonje Glimmerdal teiknar Parr portrettet av ei jente med pågangsmot, varme og klokskap, lik Lindgrens Ronja. Tonje er einaste barnet i Glimmerdal. Ei jente som beherskar livet og dalen ho lever i, sjølv om ho berre er eit barn. Det er det kompetente barnet som susar på ski og kjelke nedover
lia, og som i møte med vaksne er nyfiken, direkte og har integritet. Alt er vel fram til Tonje ein dag får vite at bestevennen, gamle Gunnvald på over 70 år, har ein løyndom som ingen har fortalt henne om fordi ho berre er eit barn.


Ein stad i Tonje Glimmerdal finst det ei einaste kursivert setning, ei setning
som kan seiast å vere mottoet for Parrs forfattarskap:
[Fulle-Nils] snur seg mot henne. –Det er aldri barna sin
feil. Nils bankar fingeren ned i kneet på Tonje då han seier det, som om han
vil stemple orda inn i henne: Det er
aldri barna sin feil.

– Kva er det som aldri er
barna sin feil? Spør Tonje andelaust.

– Alt. Alt det galne vaksne gjer.
Nils er heilt skråsikker i stemma.

Parr er barnets unike forsvarar, og gjennom tekstane sine viser ho barnet kvar ansvaret ligg når det er noko alvorleg som er feil, at det er dei vaksne som skal rydde opp når noko er gått gale.

Måtte Sigmund Skard-stipendet inspirere til vidare skriving og nye bøker frå Maria Parrs hand."

Sigmund Skard-stipendet går til ein forfattar som har gitt ut minst éi bok med høg litterær kvalitet dei siste fem åra. Stipendet skal medverke til å utvikle den aktuelle forfattarskapen, og stipendet er på 25 000 NOK. I juryen sit redaktør Kjersti Instefjord, forlagssjef Håkon Kolmannskog og forlagsdirektør Edmund Austigard i Samlaget

Emner


Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Velkommen til Samlaget!

Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Samlaget
Mariboes gate 13
Postboks 4672 Sofienberg 0506 OSLO