Pressemelding -
Sigríður Hagalín Björnsdóttir er klar med dramatisk vulkan-roman frå Island; "Eldane"
Den islandske forfattaren Sigríður Hagalín Björnsdóttir kjem til Oslo 16.9 og deltek på eit arrangement på Deichman i Bjørvika saman med ektemannen Jón Kalman Stefánsson også er romanaktuell i haust.
Meir om Eldane: Kraftige jordskjelv råkar Reykjaneshalvøya, området som i tillegg til eit utal turistar, husar dei fleste innbyggarane på Island. Etter fleire hundre års dvale blir slumrande vulkanar vekt til live. Ingen kjenner desse betre enn geologen Anna Arnardóttir, som brått står overfor si viktigaste oppgåve i karrieren. Katastrofen lurer i horisonten, i undergrunnen, men også i Annas privatliv, idet hennar tilsynelatande perfekte ekteskap også er i ferd med å slå sprekkar.
Kjærleik, spenning og vulkanologi kulminerer i ein eksplosiv miks.
Frå islandsk ved Maren Barlien Guntvedt.
Emner
Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.