Gå videre til innhold
Siri Økland lanserer bok om å leve  tett på døden; "Det står til liv"

Pressemelding -

Siri Økland lanserer bok om å leve tett på døden; "Det står til liv"

I si nye bok "Det står til liv" viser Siri Økland korleis det å vere tett på døden, er å vere tett på livet. Gjennom poetiske korttekstar og eigne foto skildrar Siri Økland livet slik det ser ut når ein veit at ein skal døy. Ho skaper eit rom for innsikt og ettertanke, både for den som lever tett på sjukdom, og den som er open for livet – og ikkje minst den som er begge delar. Tekstane er både nådelause, stillferdige og vakre og inviterer lesaren til å tenkje over sitt eige liv. Ved at dei så ope snakkar om døden, trer glede, sorg og styrke tydelegare fram.

Dei tidlegaste tekstane og bileta i Det står til liv blei først publiserte på Instagram, og det personlege blikket i bileta og dei sterke tekstane har allereie gripe mange lesarar. Til denne boka har Økland omarbeidd og utvida materialet.

Bla i boka her: https://issuu.com/detnorskesamlaget/docs/det_sta__r_til_liv/2

Lanseringsarrangement på Norli Strandgaten i Bergen, 28.9. kl 20.

Siri Økland (f.1967) er journalist og bur i Bergen. Ho er utdanna litteraturvitar, er gift og har tre barn. Det står til liv er hennar første bok.

Emner

Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Velkommen til Samlaget!

Samlaget
Mariboes gate 13
Postboks 4672 Sofienberg 0506 OSLO