Gå videre til innhold
Foto: Sara Sanderud
Foto: Sara Sanderud

Pressemelding -

Sjarmerande og hjartevarm barnebokdebut

Sjarmerande og hjartevarm barnebokdebut

Marthe Holien Bø debuterer med barneboka Ni løgner og jakta på eit smil, om ni år gamle Klara som vil gjere mamma glad igjen. Klara og mamma er i bestemors gamle hus, men no når bestemor er borte er ikkje ting slik dei var før. Mamma ligg berre på sofaen og grin så Klara må klare seg sjølv. Ein dag når ho er ned ved brygga møter ho Pelle, og dei blir raskt venner. Og for Klara er det enklare å dikte ei forteljing om ei bestemor som lagar fest og går på fjelltur, enn å seie sanninga: at bestemor er død og at mamma ligg inn heile dagen og er lei seg. Og når ho først har fortalt ein løgn er det vanskeleg å slutte. Men kvifor lyg Klara når Pelle er så snill og grei? Kvifor klarar ho ikkje å fortelje heilt ærleg om korleis ting er? Og er det mogleg å få ein venn på ekte når man først har loge?

Ni løgner og jakta på eit smil er ei morosam og hjartevarm forteljing om sorg og venskap, og om kor vanskeleg det kan vere å seie sanninga, retta mot unge lesarar i alderen 6-9 år. Boka er illustrert av Tiril Valeur.

Marthe Holien Bø (f. 1984) kjem frå Toten og bur på Stryn. Ho er utdanna medievitar og yogaterapeut. Ni løgner og jakta på eit smil er hennar debut som barnebokforfattar.

Emner

Regions


Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Kontakter

  • Marthe Holien Bø[c]Sara Sanderud_1BRUKDETTE.jpg
    Marthe Holien Bø[c]Sara Sanderud_1BRUKDETTE.jpg
    Lisens:
    Bruk i media
    Filformat:
    .jpg
    Størrelse:
    5545 x 3697, 10.4 MB
    Last ned
  • 9788234012037_Ni løgner og jakta på eit smil.jpg
    9788234012037_Ni løgner og jakta på eit smil.jpg
    Lisens:
    Bruk i media
    Filformat:
    .jpg
    Størrelse:
    3000 x 4000, 2.25 MB
    Last ned