Gå videre til innhold
Illustrasjon: Bård Sletvold Torkildsen
Illustrasjon: Bård Sletvold Torkildsen

Pressemelding -

Sjarmerande og humoristisk bildebok om å kjenne seg annleis

Sjarmerande og morosam bildebok frå Hilde Myklebust og Bård Sletvold Torkildsen

Ein dag oppdagar Grisungen noko som gjer han heilt forskrekka: Han har ikkje krøll på halen! Alle dei andre grisane har spreke halekrøllar, berre ikkje Grisungen.

Han må få krøll på halen, for det skal jo grisar ha?

Dei andre dyra på garden er ikkje til særleg hjelp, og gode råd er dyre. Men så møter han Jentungen. Kan ho hjelpe Grisungen, tru?


Grisungen med den rette halen
er ei varm og morosam forteljing om å kjenne seg annleis. Boka er rikt og sjarmerande illustrert av Bård Sletvold Torkildsen. Og er dette kanskje den første bildeboka her til lands kor ein karakterar har ein glukosesensor på armen?

Hilde Myklebust (f.1979) er poet og forfattar av barne- og ungdomsbøker. Ho har skrive fleire bildebøker, m.a. kritikarroste Ylva og villgeitene og ungdomsboka Splintra, som vart nominert til Brageprisen og Uprisen. I haust kjem Splintra ut i Tyskland og Nord-Makedonia.

Bård Sletvold Torkildsen (f.1990) er illustratør og designar, og har illustrert mange barnebøker. Dette er hans første samarbeid med Hilde Myklebust.

Emner

Kategorier

Regions


Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Kontakter

  • (c) Det Norske Samlaget
    (c) Det Norske Samlaget
    Lisens:
    Bruk i media
    Filformat:
    .jpg
    Størrelse:
    8000 x 4001, 3.97 MB
    Last ned
  • 9788234012921_Grisungen_med_den_rette_halen.jpg
    9788234012921_Grisungen_med_den_rette_halen.jpg
    Lisens:
    Bruk i media
    Filformat:
    .jpg
    Størrelse:
    2551 x 2492, 1.35 MB
    Last ned
  • Bård Sletvold Torkildsen.jpg
    Bård Sletvold Torkildsen.jpg
    Lisens:
    Bruk i media
    Filformat:
    .jpg
    Størrelse:
    946 x 1182, 313 KB
    Last ned
  • HildeMyklebust_1_Stående_Foto_Ingvil_Skeie_Ljones[1].jpg
    HildeMyklebust_1_Stående_Foto_Ingvil_Skeie_Ljones[1].jpg
    Lisens:
    Bruk i media
    Filformat:
    .jpg
    Størrelse:
    2735 x 3829, 2.82 MB
    Last ned