Gå videre til innhold
Sørlandets litteraturpris til Tore Kvæven

Pressemelding -

Sørlandets litteraturpris til Tore Kvæven

I dag fekk Tore Kvæven Sørlandets Litteraturpris for romanen Når landet mørknar.

Kvæven har tidlegare fått Brageprisen for boka med handling frå Grønland i mellomalderen. Når landet mørknar vart kalla eit mesterverk av kritikarane då ho kom ut i 2018, og fekk gjennomgåande svært gode meldingar.

Meir om boka:

Året er 1293. Den unge guten Arnar Vilhjalmson ror i si første kvalrossjakt. Etter jakta står der ei jente framfor han. Ho kastar eit blikk på dyret han har felt. Blikket hennar er trassig, og orda er hånande. Etterpå snur ho seg og spring, utan å sjå seg tilbake. Ho heiter Eir.

I den norrøne Vesterbygda på Grønland har ei uro snike seg inn. Kvalrossen som gjorde folket her rike, har trekt seg unna. Skipa som segla hit frå Noreg og Island for å drive handel, er sjeldnare å sjå. Grønlendingane sine eigne farkostar er i forfall. Menneska spør seg: Er dette dei siste tider?

Arnar drøymer om ein dag å byggje seg eit skip og segle mot landa i vest, der tømmer og jern og trua på framtida finst. Og i den draumen finst Eir. I jakta på framtida er Arnar villig til å trasse både sin eigen høvding, sine eigne gudar og lovene i landet.

Frå grunngjevinga til juryen bak Sørlandets Litteraturpris: 

"Forfatteren tar oss med til det norrøne samfunnet på Grønland. Fortellingen starter i 1293. Hverdagsliv, og konflikt, kjærlighet, brytninger mellom gammel tro og tro på Kvitekrist, natur og dyreliv er skildret detaljert og kunnskapsrikt i et rikt og vakkert språk. Menneskets avhengighet av naturen er mesterlig beskrevet, og dyrenes liv er fortalt slik at vi faktisk lever oss inn i hodet til en utmagret isbjørn og en truet hvalross. Dette er en stor leseopplevelse."

Prisen vart delt ut i dag på Kristiansand Bibliotek og er på 15 000 kroner pluss eit kunstverk til 5000.

Tore Kvæven (f. 1969) bur i Sirdal i Vest-Agder. Han debuterte i 2011 med Hard er mitt lands lov. Han har også skrive barneboka Kameljegeren (2013). Når landet mørknar kom i 2018 og er hans andre roman. Tore Kvæven er sauebonde og lærar.

Emner

Regions


Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Velkommen til Samlaget!

Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Samlaget
Mariboes gate 13
Postboks 4672 Sofienberg 0506 OSLO