Pressemelding -
Sørpolfarar Karen Kyllesø (21) kjem med bok til hausten
I går kveld rett før midnatt norsk tid, planta Karen Kyllesø (21) flagget på Sørpolen som den yngste nokon gong. Kyllesø som er kjent som @friluftsjenta på instagram og tiktok, har gått aleine utan etterforsyning. Kyllesø er frå Årdal i Ryfylke og har tidlegare gått over Grønland som den yngste då ho var 15 år.
Samlaget gir ut bok om Kyllesøs polarferd til hausten. Boka skal ho skrive sjølv
Forlagssjef Håkon Kolmannskog ser fram til å gi ut bok med vår nye polarhelt:
-Vi er utruleg glade for å kunne samarbeide med Karen. Ho er eit fantastisk førebilete og formidlar som brenn for å spreie kunnskap om friluftsliv og polarhistorie til nye generasjonar. Samtidig lærer ho oss alle kva ein kan få til gjennom god planlegging og ståpå-vilje.
Emner
Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.