Gå videre til innhold
SOLVEIG AARESKJOLD AVSLØRER MYTANE OM DET NORRØNE I NY BOK

Pressemelding -

SOLVEIG AARESKJOLD AVSLØRER MYTANE OM DET NORRØNE I NY BOK

I Aareskjolds nye bok Valkyrjesong argumenterer ho for at det er eit stort tap for den vestlege sivilisasjon av den norrøne litteraturen er så lite kjend. Av den grunn har den før-kristne fortida vore overlaten til fri fantasi, anten eit harmonisk paradis eller eit blodig kaos. Men slik Aareskjold les eddadikt og saga hadde ikkje heidningane dårlegare styring med impulsane sine enn folk har no. Sjølv om det nok hende at dei slo kvarandre i hel, sette dei like mykje pris på lov og orden som oss. Aareskjold viser at sjølv ikkje naturgitt mannleg trong til kontroll med kvinnene, finn ein støtte for i tekstane. Styrke og ærekjensle var like attraktivt hos kvinner som hos menn.

Boka er eit kraftig angrep på historikarane sin tolkning av sagaen:

-Historikarane bruker sagaen som historisk kjelde når det tener deira eige bilete av denne tida som ei brutal og vanskeleg tid, men avskriva han som dikting når det handlar om kjærleik og tilhøvet mellom kvinner og menn, seier Aareskjold.

Forfattaren argumenterer for at den norrøne kulturen var ein kultur der menn og kvinner var gode for kvarandre. - Det var lite valdtekter og det er knapt skrive om slike overgrep i sagaen. I sagaen finst det ikkje begrep for jomfru. Ei møy var ei ugift jente – men i eddadikta kan òg ei gift kvinne og mor til vaksne søner bli kalla møy, seier Aareskjold.

Ved å samanlikne gammal litteratur med nye filmar og norrøne soger med vår tids sogespel, finn Aareskjold gjentakande terping på ufrivillig sex i dei nye fortolkningane, mens dei gamle forteljingane talar like frimodig om kjærleik som om død.

-Eg meiner den vestlege sivilisasjonen har tapt på å ikkje kjenna sagaen anna enn i sterkt omskrivne og forvrengde versjonar. Boka viser med eksempel i Edda og sagen at det først og fremst var kvinnene som forvalta normene.

Solveig Aareskjold (f. 1949) er cand. philol. med norsk hovudfag og historie mellomfag. Ho debuterte med romanen Det indre tempel (1987). Sidan har ho skrive ei rekkje bøker som Odyssevs reiser stadig heimover (roman 1993), Kyss meg i diskursen (essay 1996) og Tyrefekting (essay 2004), i tillegg til radiokåseri og føredrag. 

Emner

Kategorier


Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Velkommen til Samlaget!

Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Samlaget
Mariboes gate 13
Postboks 4672 Sofienberg 0506 OSLO