Gå videre til innhold
Sommarutgåva av Syn og Segn er på marknaden!

Pressemelding -

Sommarutgåva av Syn og Segn er på marknaden!

I den ferske utgåva kan du lese meir om unge norske muslimar, om fenomenet nimby, om venskap, om unge gutar på asylmottaka – og kva dei drøymer om, om hundreåringen Tor Jonsson og ikkje minst om bevisstheitsforsking og eksperimenta som kan endre verdsbilete vårt.

MUSLIM OG ISLAM: Kven er dei norske muslimane? Kva utfordringar står unge muslimske nordmenn overfor? Kva er eigentleg den arabiske offermentaliteten, og kvifor øydelegg islamistane religiøse symbol i borgarkrigsherja arabiske land? Assad Nasir, Lars Akerhaug, Fatema Al-Musawi og Nils Hallvard Korsvoll tek eit blikk på islam og på korleis det er å vere muslim i Noreg i dag.

SAMTALEN: Har fluger eit indre liv? Sannsynlegvis. Kan eit einskilt proton vere bevisst? Det er ikkje lenger utenkjeleg. Hjerneforskar Johan Frederik Storm forklarar teorien og eksperimenta som kan endre verdsbiletet vårt.

NIMBY: Kva er det som avgjer kor dei upopulære velferdstenestene blir plasserte? Stipendiat ved institutt for sosiologi og samfunnsgeografi ved Universitetet i Oslo, Aleksander Bern, gir oss innsikt i samfunnsstrukturane.

JONSSON: «Men livet skal eg aldri, aldri misse –» Forfattar Ingar Sletten Kolloen tek seks stopp i hundreåringen Tor Jonssons liv og dikting. Kvifor les så folk i dag ein lyrikar frå øvst oppi Gudbrandsdalen, som drap seg sjølv for 65 år sidan, og som endåtil skriv på nynorsk, spør Kolloen. 

Alt dette og meir til i den ferske utgåva av Syn og Segn! 

Interessert i ein PDF av bladet? Vite meir?

Knut Aastad Bråten: 907 68 797 / knut@synogsegn.no

Emner

Kategorier


Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Velkommen til Samlaget!

Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Samlaget
Mariboes gate 13
Postboks 4672 Sofienberg 0506 OSLO