Gå videre til innhold
Sprelsk bildebok om å føle seg oversett

Pressemelding -

Sprelsk bildebok om å føle seg oversett

Katten Bo hadde det som plomma i egget før hunden flytta inn og tok plassen hans i senga til matmor. Då er det berre ein ting å gjere, nemlig å sjå om det fins husrom ein annan plass.

- Det å kjenne seg utfordra på ”heimebane” er noko som kan opplevast skremmande for oss alle, men eg har vore oppteken av å syne at det er heilt greit å ha slike kjensler. Samliv med andre er trygt og godt, men ikkje utan utfordringar eller konfliktar. Det handlar litt om å akseptere at ein er ulike. Boka har difor ein litt open slutt, fortel Tjensvold.

Denne bildeboka er ei vittig, fargesterk, og treffande bok om det å føle seg oversett. Gjennom å møte farane ute i verda blir Bo klar over kor fint han eigentleg har det heime saman med hunden og matmor.

Tjensvold har både skrive teksten og laga illustrasjonanen til denne boka.

- Eg har prøvd å halde språket så minimalistisk som mogeleg, medan eg har vore meir ‘frodig' i illustrasjonane – eg vonar dette opplevast som ein morosam kontrast, seier Tjensvold.

Trude Tjensvold kjem til å gjeste årets Barnebokfestival, og ho skal ha lansering av boka på Grafill laurdag 17. sep kl. 16.00. Boka er dessutan vald som ei av fokusbøkene til NORLA (senter for norsk litteratur i utlandet). 

Trude Tjensvold (f.1964) er busett i Oslo og har lang erfaring som illustratør og biletkunstnar. Bo flyttar ut er hennar debutbok. 

Emner

Kategorier


Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Velkommen til Samlaget!

Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Samlaget
Mariboes gate 13
Postboks 4672 Sofienberg 0506 OSLO