Gå videre til innhold
Sprelsk og original bildebok om å hjelpe til for kvar ein pris

Pressemelding -

Sprelsk og original bildebok om å hjelpe til for kvar ein pris

29.september lanserer Samlaget bildeboka Kåre og Marimba hjelper til, skapa av duoen Markus Lantto og Camilla Kuhn.

Kåre og Marimba er gode venner. Ein dag kjedar dei seg veldig, og dei bestemmer seg for å hjelpe den første dei møter. Det blir tilfeldigvis Torsten, ein mann som står og fiklar med låsen på ein sykkel og helst ikkje vil ha noka hjelp. Men det stoppar ikkje Kåre og Marimba.

Trass i Torsten sine protestar hjelper dei han med å bryte opp sykkellåsen, og plutseleg leiker dei gøymsel med Torsten sine politikledde kompisar. Resultatet blir ein underhaldande sykkeltur for nokre, og ei personleg oppvakning for ein annan.

Kåre og Marimba hjelper til er ei humoristisk og sprudlande bildebok om gode intensjonar og uvillige mottakarar.

Lantto arbeider som kunstnar og instrumentbyggjar i Trondheim, og debuterte med Bruken av gjedde i 2014. Kåre og Marimba er hans første barnebok. Kuhn har skrive og illustrert fleir bøker for barn, både eigne og andre sine. Ho fekk KUD bildebokprisen 2020 saman med Rebecca Wexelsen for Ulf er uvel.

Related links

Emner

Kategorier


Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Kontakter

Merete Pharo

Sals- og informasjonskonsulent barn- og ungdomsbøker 45255110

Velkommen til Samlaget!

Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Samlaget
Mariboes gate 13
Postboks 4672 Sofienberg 0506 OSLO