Gå videre til innhold
Foto: Sara Sanderud

Pressemelding -

Sterk debutroman om å vere fanga i eit destruktivt forhold

Sterk debutroman for ungdom om å vere fanga i eit destruktiv forhold


Andrea R. Haave debuterer med ungdomsboka Sytten, snart atten. Mia har flytta til Oslo frå ein liten tettstad, ho kjenner seg utafor og retningslaus i den store byen. Men ein dag møter ho ein eldre mann på Tinder, han er kjekk, erfaren og får ho til å føle seg spesiell.

Ho flyttar raskt inn til han, men etter kvart dukkar det opp stadig fleire raude flagg. Han er kontrollerande, sjalu og manipulerande. Mia må prøve å finne ein veg ut, men den vegen skal vise seg å vere vanskeleg å finne.

Sytten, snart atten er ein medrivande, intens og urovekkande ungdomsroman om å vere ung, sårbar og forelska. Han handlar om psykisk vald i nære relasjonar, og om kor vanskeleg det kan vere å kome seg ut av ein øydeleggande relasjon.

ANDREA RUDLAND HAAVE (f. 1992) er skodespelar, formidlar og lydbokinnlesar. Ho kjem frå Kvam i Gudbrandsdalen og bur no i Oslo. Andrea har medverka i ei rekke teater-, film- og TV-produksjonar. I tillegg utviklar ho nye manus og formidlingsopplegg for skule og museum. Sytten, snart atten er den første boka hennar.

Emner

Kategorier

Regions


Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Kontakter