Gå videre til innhold
Sterk debutroman om kjønn, identitet og utanforskap

Pressemelding -

Sterk debutroman om kjønn, identitet og utanforskap

Kari Mathilde Hestad debuterer med ungdomsromanen Sceneskifte.

Kjærasten til Alex har slått opp med ho utan forklaring. Alex blir mobba av dei andre jentene i klassen fordi ho er skeiv, og samstundes må ho førebu seg til den første konserten med bandet sitt.

Når alt ser som mørkast ut, begynner det ein ny gut i bandet. Mika har tjukt, mørkt hår, holete jeans og speler bass som ein gud. I tillegg ser han ut til å vere interessert i Alex. Men kvifor blir Alex interessert i Mika, ho liker jo jenter? Tør Alex i det heile tatt å ta sjansen på å forelske seg att? Gjennom nokre travle veker blir Alex kjend med seg sjølv på nytt, og lærer seg å stå opp for seg sjølv.

Sceneskifte er ein ungdomsroman som på ein truverdig og engasjerande måte tematiserer forelsking, seksualitet og kjønnsroller.

Kari Mathilde Hestad (f.1978) kjem frå Austevoll. Ho er utdanna norsklektor og har fleire års erfaring som journalist og lærar. Sceneskifte er den første boka hennar.

Emner

Kategorier


Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Kontakter

  • Hestad, Kari Mathilde (liggande) (c) Heidi Furre
    Hestad, Kari Mathilde (liggande) (c) Heidi Furre
    Lisens:
    Bruk i media
    Filformat:
    .jpg
    Størrelse:
    5555 x 3640, 7.08 MB
    Last ned
  • 9788234010163 Sceneskifte Framside R
    9788234010163 Sceneskifte Framside R
    Lisens:
    Bruk i media
    Filformat:
    .jpg
    Størrelse:
    1607 x 2492, 1.22 MB
    Last ned