Gå videre til innhold
Omslag Raud Volvo av Trude Tjensvold
Omslag Raud Volvo av Trude Tjensvold

Pressemelding -

Sterk teikneseriedebut frå barnebokforfattar Trude Tjensvold

Illustratør og forfattar Trude Tjensvold debuterer som serieskapar med Raud Volvo, ein hybrid mellom teikneserie, bilde- og tekstbok for ungdom.

Jenny bur saman med mora og halvbroren Odd. Bestevenninna Ann-Sofi har byrja å røyke og treffe eldre gutar. Jenny trivst best i skogen, der ho kikar på fuglar.

Når Ann-Sofi byrjar å avvise ho, tar Jenny ei rekke dumdristige val. Til slutt hamnar ho i ein situasjon saman med ein eldre gut som ho ikkje kjem seg ut av. Kven er ho etter dette? Og korleis skal ho finne tilbake til seg sjølv?

Gjennom tekst og illustrasjonar har Trude Tjensvold skapa ein sterk og utfordrande roman som handlar om overgrep og om å setje grenser.

Raud Volvo
er ein hybrid mellom tekst og bildebok og blir gitt ut i samarbeid med Leser søker bok.

Boka blir lansert på Last Train i Oslo, onsdag 12.oktober. 

Trude Tjensvold (f. 1964) frå Stryn er busett i Oslo. Ho har lang erfaring som illustratør og bildekunstnar. I 2016 debuterte ho som forfattar med bildeboka Bo flyttar ut, som både blei nominert til Kulturdepartementets debutantpris for barne og ungdomslitteratur 2016 og vann gull i Visuelt 2017. Boka blei også seld til Danmark. I 2020 gav ho ut bildeboka Bålet.

Emner

Kategorier


Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Kontakter

Merete Pharo

Sals- og informasjonskonsulent barn- og ungdomsbøker 45255110

Velkommen til Samlaget!

Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Samlaget
Mariboes gate 13
Postboks 4672 Sofienberg 0506 OSLO