Gå videre til innhold
Storverket Septologien av Jon Fosse komplett med lanseringa av band tre; "Eit nytt namn"

Pressemelding -

Storverket Septologien av Jon Fosse komplett med lanseringa av band tre; "Eit nytt namn"

Pressekonferanse og boklansering med Jon Fosse til stades kl 10 fredag 3.9. på Det Norske Teatret. 

Pga. av korona må ein melde seg på arr. via denne lenkja:  https://bit.ly/2WL4sKv 

Fosse er tilgjengeleg for pressa etter arrangementet. Avtal helst på førehand: karin.helgoy@samlaget.no

Lanseringa markerer også starten på Den internasjonale Fosse-festivalen som varer til og med 12.9.

Her er heile programmet for festivalen: https://www.detnorsketeatret.n...

Septologien er Jon Fosses storverk i sju delar. Første band, Det andre namnet, kom ut i 2019 og er til no seld til tjue land. Boka vart nominert til den internasjonale Booker-prisen og både band ein og band to, Eg er ein annan, hausta glitrande kritikkar både nasjonalt og internasjonalt. No kjem det tredje bandet,  Eit nytt namn.

I Eit nytt namn nærmar det seg julaftan. Tradisjonen tru et Åsleik og Asle lutefisk saman. Det vert eit stille måltid. Asle kjenner seg kraftlaus og ferdig med målinga. Han ryddar vekk alle målarsakene og køyrer dei siste bileta til galleri Beyer i Bjørgvin.

I tilbakeblikk følgjer vi liva til dei to Aslane. Asle møter den livslange kjærleiken i Ales, kjem inn den katolske trua, får stilla ut i Galleri Beyer og kan leva av å måla bort alle bileta som har festa seg i minnet hans. Asle og Ales flyttar etter kvart frå byen til huset på Dylgja. Namnebroren giftar seg også, men hans bryllup endar med ei hulkande brur og eit vondt brot.

Asle har for første gong sagt ja til å feira jul med Åsleik og søstera hans Guro. Julaftan reiser Åsleik, Asle og hunden Brage med sjarken inn Sygnefjorden. Dei har straumen med seg, finkleda er nedpakka og dei bytter på å stå til rors. Med seg har dei to målarstykke Guro skal få i julegåve. Heime hjå Guro angar det av røykt pinnekjøt.

Jon Fosse
(f. 1959) blir rekna som ein av vår tids viktigaste forfattarar. Tekstane hans er omsette til over 40 språk, og skodespela er sette opp over tusen gonger i heile verda. Fosse har motteke ei rekkje prisar i inn- og utland.

Emner


Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Kontakter

Karin Helgøy

Kommunikasjonssjef 97019865

Velkommen til Samlaget!

Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Samlaget
Mariboes gate 13
Postboks 4672 Sofienberg 0506 OSLO