Gå videre til innhold
Foto: Mickael Tannus (c)
Foto: Mickael Tannus (c)

Pressemelding -

Svensk suksessroman for mellomtrinnet i norsk omsetjing

Kvifor må foreldre døy? Burde det ikkje vere ei lov mot det? Men denne natta er ingenting som det burde vere. Tolv år gamle Nikolai sit ved sjukesenga til mora som er døyande. Alt er vondt, og det hjelper ikkje eingong å sjå morosame hundar på YouTube. Ved sjukehusheisen ser han ein knapp som ikkje bruker å vere der. Når han trykker på knappen tar heisen han med til ein heilt anna plass. Klokka er fire minutt over tolv når han kjem fram til Endestasjonen. Nikolai har stansa tida to minutt før mora kjem til å døy. Men kva gjer du når du oppdagar at du kan stoppe tida, og til og med reise tilbake i tid. Kan du endre det som har skjedd? Eller det som ikkje enno har skjedd?

Fire minutt over tolv er ein unik, hjartevarm og nydeleg roman for mellomtrinnet. Boka kan vere ei trøyst for alle barn som lev med ein sjuk forelder, eller for dei som har opplevd tap.

Conny Palmkvist (f.1973) er svensk forfattar, redaktør og kritikar. Fire minutt over tolv er hans andre barnebok.

Boka er omsett frå svensk av A. Audhild Solberg.

Emner


Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Kontakter

  • Conny-Palmqvist_(c)Mickael Tannus
    Conny-Palmqvist_(c)Mickael Tannus
    Lisens:
    Bruk i media
    Filformat:
    .jpg
    Størrelse:
    1199 x 1600, 281 KB
    Last ned
  • 9788234011054_Fire minutt over tolv
    9788234011054_Fire minutt over tolv
    Lisens:
    Bruk i media
    Filformat:
    .jpg
    Størrelse:
    1506 x 2411, 2.18 MB
    Last ned