Gå videre til innhold
Synnøve Macody Lund debuterer med romanen "Personar du kanskje kjenner"

Pressemelding -

Synnøve Macody Lund debuterer med romanen "Personar du kanskje kjenner"

Synnøve Macody Lund debuterer med romanen Personar du kanskje kjenner 26.9.

Lanseringsarr:

OSLO: Ingensteds mandag 28.9. kl 19. 

BERGEN: Litteraturhuset  onsdag 30.9. kl 19

HAUGESUND: Litterær salong, biblioteket torsdag 1.10. kl 20

Om boka: Synnøve skriv på ein roman om faren, men klarer ikkje å halde fram når ho må reise heim for å halde han med selskap i jula. Ho saknar den han var før han blei ramma av hjernebløding; den suverene faren, levemannen, kompisen, han ho kunne snakke med om alt. I staden byrjar ho på historia om tre ulike kvinner, tre liv som etter kvart flettar seg saman.

Studina Mari forelskar seg i rettleiaren sin, men mister seg sjølv på vegen, skodespelerinna Live vil gå frå kjærasten sin, men følgjer i staden etter henne, åleinemora Anna prøver å finne fotfeste etter eit samlivsbrot.

Karakterane er svermande, påverkelege, søkande; personar du kanskje kjenner.

Macody Lund skriv innsiktsfull om korleis vi speglar og skaper oss sjølve i møtet med andre. Treffande viser ho fram maktspelet menneska kan gå seg vill i.

Synnøve Macody Lund (f. 1976) er fødd og oppvaksen på Stord. Ho er utdanna innan litteratur, filosofi, film og fjernsynsregi. Ho arbeider som skodespelar, filmkritikar og dokumentar-regissør.

Emner

Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Velkommen til Samlaget!

Samlaget
Mariboes gate 13
Postboks 4672 Sofienberg 0506 OSLO