Gå videre til innhold
Foto: Marius Fiskum
Foto: Marius Fiskum

Pressemelding -

Therese Bakkevoll klar med debutromanen "Tallboy" med handling frå innsida av psykiatrien

Therese Bakkevoll debuterer med Tallboy, ein sterk roman frå innsida av psykiatrien med lanseringsdato 14.3.

I Tallboy tek Bakkevoll oss med inn på eit psykiatrisk sjukehus der både tilsette og pasientar kjempar for å oppretthalde kontroll. Dokter Falk luktar stadig oftare av alkohol og har begynt å overnatte på kontoret, flyktningen Bilal får ikkje opphaldsløyve og har slutta å ete, og den tidlegare skodespelaren Katharina skiftar namn og set opp teater i tv-stua.

Sjølv er miljøterapeuten T på randa etter søvnlause netter. Frå vindauget på avdelinga ser ho over til staden der krigsskipet Tirpitz blei bomba, og som farfar hennar var med på å hogge opp etter krigen. No ligg han for døden og all direkte kunnskap om det som skjedde, er i ferd med å forsvinne. Og då ein ny pasient, som påstår at han er Noregs første astronaut, blir tvangsinnlagt, gir ho seg over til han - til det einaste mennesket som ser henne for den ho verkeleg er.

Tallboy er ei annleis kjærleiksforteljing, der einsemd, begjær og overskridingar viskar ut grensene mellom kven som er sjuk og kven som er frisk.

Therese Bakkevoll (f. 1975) kjem frå og bur i Tromsø. Ho har studert ved Litterär Gestaltning i Göteborg og ved Forfattarstudiet i Tromsø, og har tidlegare hatt tekst på trykk i Signaler 2019 og i Nye Nynorske Noveller: Slutten på historia. Tallboy er den første boka hennar.

Emner

Regions


Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Kontakter

  • Bakkevoll A Marius Fiskum 2020
    Bakkevoll A Marius Fiskum 2020
    Lisens:
    Bruk i media
    Filformat:
    .jpg
    Størrelse:
    3961 x 5942, 8.52 MB
    Last ned
  • 9788234003493 Bakkevoll_ Tallboy-CMYK
    9788234003493 Bakkevoll_ Tallboy-CMYK
    Lisens:
    Bruk i media
    Filformat:
    .jpg
    Størrelse:
    1902 x 2999, 7.11 MB
    Last ned