Pressemelding -
Tiårsjubileum for Juleroser med bidrag frå Paul Auster, Sondre Lerche, Jon Fosse, HKH Kronprinsesse Mette Marit, Sara Stridsberg, Ocean Vuong, Jo Nesbø, og mange fleire
Juleroser, landets mest populære litterære julehefte med Herborg Kråvevik som redaktør, kjem i år for ut for tiande gong. Årets hefte har julekula og jordkloden som tema og har bidrag frå mange internasjonale forfattarnamn; som Paul Auster, Haruki Murakami, Ocean Vuong, Lola Shoneyin m.fl.
Sondre Lerche har komponert årets julesong til heftet, Den sanne jul. Andre bidragsytarar er Jo Nesbø, Jon Fosse, HKH Kronprinsesse Mette Marit, Sara Stridsberg m.fl.
Samlaget samarbeider i år med Det Norske Teatret om ei eiga Juleroser-forestilling på hovudscena 1., 8. og 15.12. Herborg Kråkevik invitererer til ein stemningsfull time med musikk, kunst og litterratur. M.a. Sondre Lerche, Jo Nesbø, Vigdis Hjorth, Janove Ottesen og fleire skodespelarar frå teatret bidreg.
Med relanseringa avJuleroser i 2015 tok Kråkevik opp ein tradisjon frå 1800-talet, fornya sjangeren og skapte ein ny æra for dei litterære julehefta. Juleroser er eit illustrert, litterært julehefte med nyskrivne bidrag frå nokre av dei fremste forfattarane i vår tid, sett saman med nye og klassiske kunstverk i ein fin balanse mellom det nostalgiske og det moderne.
Alle bidragsytarar i årets Juleroser:
H.K.H. Kronprinsesse Mette-Marit, Jon Fosse, Jo Nesbø, Sondre Lerche, Jens Bjørneboe, Paul Auster, Steffen Kverneland, John Henry Dearl, Esra Røise, Carl Larsson, Gustav Wentzel, Frida Hansen, Karin Larsson, Mary Ruefle, Gabriele Münter, Lola Shoneyin, Carsten Jensen, Svend Otto S., Haruki Murakami, Mamma Andersson, Takahashi Shotei, Berit Anderson, Hulda Garborg, Otto Valstad, Marie Krøyer, Marie Karsten, Lars Kinsarvik, William Morris, Gerhard Munthe, Edward Coley Burne-Jones, Sandnes Garn, Kathrine Gregersen, Harriet Backer, Arne Garborg, Maren Uthaug, Sara Stridsberg, Tamara Starl-Latour, Anne Buset Vassbotn, Haukur Valdimar Pálsson, Jóhannes Úr Kötlum, Tryggvi Magnússon, Jón Kalman Stefánsson, Olafur Eliasson, Ocean Vuong, Dang Van Ty, Sliman Mansour, Lukas & Matteus, Line Schjølberg, Per Dybvig, Håkon Bleken, Herborg Kråkevik.
Herborg Kråkevik (f. 1973) er ein av våre mest folkekjære artistar og ein engasjert kulturformidlar. Ho fornya sjangeren og skapte ein ny æra for dei litterære julehefta da ho relanserte Juleroser i 2015.
Emner
Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.