Gå videre til innhold
To norske biletbøker selt til India

Pressemelding -

To norske biletbøker selt til India

Kari Stais biletbok Jakob og Neikob og Elin Grimstads debutbok Månen som ville lyse som ei sol er selt for utgjeving i India.

 -Det indiske forlaget Sampark vart presentert for bøkene på eit seminar i regi av NORLA i september, og vart umiddelbart begeistra for bøkene, melder Eirin Hagen i Hagen Agency. Begge bøkene kjem ut i løpet av neste år.

Det indiske forlaget skal lage tolv ulike utgåver på språka hindi, bengali, punjabi, assamese, oriya, urdu, telugu, tamil, kannada, malayalam, marathi  og  gujarati. Desse utgåvene vil bli selt over hele India, i tillegg til sørøst-Asia og andre land der desse språka er i bruk. I tillegg vert det gitt ut ei eiga engelsk utgåve for sal i det indiske territoriet. Det er en sjeldan at norske bildebøker finn vegen til desse språkområda.

Kari Stais Jakob og Neikob kom ut på Samlaget i 2008, og er tidlegare selt til Tyskland, Frankrike og Danmark. Fleire land står for tur. Boka har fått svært gode meldingar og blir omtalt som ein moderne klassikar. Jakob og Neikob finns også som app og barneTV- film. Den nye boka  i serien; Jakob og Neikob. Tjuven slår tilbake er nominert til Brageprisen i år, som beste barnebok.

Elin Grimstad debuterte i vår med Månen som ville lyse som ei sol der ho ved hjelp av tusenvis av utklippsfigurar har skapt eit heilt unikt univers.

"Strålende barnebokdebut (...) sjeldent fin kombinasjon av tradisjon og innovasjon (...) Månen som ville lyse som ei sol er en barnebokdebut det står respekt av." Anne Cathrine Straume, NRK

 

Emner

Kategorier


Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Velkommen til Samlaget!

Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Samlaget
Mariboes gate 13
Postboks 4672 Sofienberg 0506 OSLO