Gå videre til innhold
Tolvte og siste band av Norsk Ordbok er no ferdig

Pressemelding -

Tolvte og siste band av Norsk Ordbok er no ferdig

Det største humanistiske forskingsprosjektet i Noreg er i mål 

Alle kulturnasjonar må dokumentere det levande språket sitt for framtida. No har Noreg eit vitskapleg ordboksverk i internasjonal klasse som gjer nettopp dette.

Lansering onsdag 9. Mars i Universitetets aula kl.12.45.

Det blir festtale ved Marit Eikemo og musikk ved Lars Vaular. Detaljert program på http://www.uio.no/om/aktuelt/arrangementer/andre/2016/norsk-ordbok.html

- Norsk Ordbok er med på å leggja eit fastare grunnlag for norsk kulturarv, dels ved å syna fram ordtilfang, omgrep, og samanhengar mellom dei, og dels ved å sikra tilfanget mot forvitring og gløymsle. Det som er skrive og prenta kan også hentast fram att, og få ny bruk, seier Oddrun Grønvik, hovudredaktør for Norsk Ordbok 2014.

Det var i 1929 at Det Norske Samlaget tok initiativet til Norsk Ordbok. Med pengar frå Norsk Pengelotteri starta arbeidet året etter. Målet var å dokumentere det norske folkemålet i by og bygd, og det nynorske skriftmålet. Prosjektet vidarefører Ivar Aasens forståing av folkespråket som grunnsteinen i det moderne demokratiet. Samlaget dreiv prosjektet med støtte frå Stortinget fram til 1972, då Universitetet i Oslo (UiO) tok over.

Første band av Norsk Ordbok kom i 1966. No, i mars 2016, er 12. og siste band ferdig. Samlaget er utgivar av alle tolv banda. 

- Eg vil rette ein stor takk til språkarbeidarar ved Norsk Ordbok gjennom fem generasjonar. Og takk til det norske folk som har bidrege med 3,2 millionar ord og utrykk gjennom åra. Dette har vore ein stor demokratisk dugnad, seier administrerande direktør i Det Norske Samlaget, Edmund Austigard.

I samband med utgjevinga av dette tolvte og siste bandet av Norsk Ordbok, gjev Samlaget ut eit festskrift.

Festskriftet Livet er æve, og evig er ordet er ein hyllest til Norsk Ordbok. Bak festskriftet står Helene Urdland Karlsen, Åse Wetås og Lars S. Vikør.

Emner

Kategorier


Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Velkommen til Samlaget!

Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Samlaget
Mariboes gate 13
Postboks 4672 Sofienberg 0506 OSLO