Gå videre til innhold
"Tonje Glimmerdal" av Maria Parr selt til Estland

Pressemelding -

"Tonje Glimmerdal" av Maria Parr selt til Estland

Tonje Glimmerdal av Maria Parr er selt til Estland og er no ute i til saman elleve land, mellom anna Tyskland, Frankrike, Kina og Russland.  Parr fekk både Kritikarprisen, Brageprisen og Teskjekjerringprisen for boka som kom ut i 2009. Die Zeit kåra boka til den beste barneboka på tysk i 2010. Hausten 2013 set Det Norske Teatret opp Tonje Glimmerdal på hovudscena.

Meir om boka: Tonje Glimmerdal er einaste ungen i Glimmerdalen, og den tøffaste jentungen dalen har sett sidan dei vaksne tantene hennar herja på ski mellom fjella. Tonjes besteven er gamle Gunnvald, ein bisk felespelar på over sytti år, og dei to venene kjenner kvarandre ut og inn. Eller gjer dei det?

Frå meldingar av boka:

"Ei herleg boblande bok, fylt av fart og sjølvtillit.... Ein bør unne ungane sine eit besøk i Glimmerdalen!"

Gerd Elin Stava Sandve, Dagsavisen

"Norsk børnebog er legesyg som Pippi (…) rørende og klogt fortalt (…) ’Tonje Glimmerdal’ er en klassisk, godhjertet børnebog. Man bliver glad og klog af at læse den."

Steffen Larsen, Politiken

"Dette er gull"

May Grethe Lerum,  VG

Emner

Kategorier

Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Velkommen til Samlaget!

Samlaget
Mariboes gate 13
Postboks 4672 Sofienberg 0506 OSLO