Gå videre til innhold
Tora Seljebø debuterer med dikt

Pressemelding -

Tora Seljebø debuterer med dikt

Tora Seljebøs debutbok Om kvelden blir namna ropa heim er ei poetisk forteljing om å miste nokon og om å leite etter seg sjølv. Dikt om det som endrar seg og det som forsvinn, både menneske og natur. Det handlar om å kjenne seg att og finne trøyst i naturen, meir enn mellom menneska, om å ha odel på ei jord som ikkje kan dyrkast. Ei bok om sorg som ikkje blir tala om, om å vekse og om å bli til.

Tora Seljebø (f. 1973) er oppvaksen i Ålvundfjord på Nordmøre, og bur i Trondheim. Seljebø har vore avdelingsleiar i Norsk Forfattersentrum Midt-Norge. I dag arbeider ho med litteraturformidling på Sør-Trøndelag Fylkesbibliotek.

Kontaktinformasjon til forfattaren: doggmark@hotmail.com mob: 922 58 117

Emner

Kategorier

Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Velkommen til Samlaget!

Samlaget
Mariboes gate 13
Postboks 4672 Sofienberg 0506 OSLO