Pressemelding -
Transperson Kristin Fridtun aktuell med boka "Kjønn og ukjønn"
Lanseringsarrangement på Mono i Oslo, torsdag 17.9. kl 20.
Kristin Fridtun opnar ein ny inngang til kjønnsdebatten ved å gjere arveordet kjønn til granskingsobjekt og springbrett for vidare drøftingar av kjønn, kjønnsnormer og kjønnsidentitet. Boka gir oss verdfull kunnskap om tydings- og brukshistoria til ordet kjønn og røskar i den automatiserte og tidvis krenkjande språkbruken vår.
Kristin Fridtun er sjølv homofil og transperson. Med utgangpunkt i eige liv syner hen korleis den moderne tydinga og bruken av ordet kjønn påverkar og motverkar fridomen til seksuelle minoritetspersonar.
Kristin Fridtun (f. 1987) har mastergrad i norrøn filologi. Fridtun er fast spaltist i Dag og Tid, og har vore bidragsytar i ymse tidsskrift og bøker. Hen kjem frå Elverum, men er busett i Bergen. Fridtun har tidlegare gitt ut bøkene Norsk etymologisk oppkok og Nynorsk for dumskallar.
Kontaktinformasjon til forfattaren: kristin.fridtun@gmail.com mobil: 90568741
Emner
Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.