Gå videre til innhold
Svikne dagar_omslag
Svikne dagar_omslag

Pressemelding -

Tre nye romanar av Elena Ferrante på norsk

Napoli-kvartetten av Elena Ferrante har slått stort an i Noreg, både blant kritikarane og boklesarane. Eit unisont kritikarkorps har trilla seksarar og kallar verket eit av dei største romanverka i vår tid. Bøkene har snart runda eit sal på 300 000. Samlaget kjem no med dei tre romanane Ferrante skreiv før Napoli-kvartetten. Svikne dagar kjem 8. mars 2017, Den dunkle dottera i september 2017 og Kvelande kjærleik i mars 2018. Kristin Sørsdal er omsetjar.

Alt i januar kan Ferrante-lesarane få ein smakebit på første bok ut, Svikne dagar, når Det Norske Teatret og Samlaget samarbeidar om ei framsyning der skodespelarar les boka. Datoar: 3., 4., 6. og 25. januar.  

Meir om framsyninga: http://www.detnorsketeatret.no/framsyningar/svikne-dagar/

Meir om dei kommande bøkene: 

Svikne dagar

38-årige Olga blir forlaten av mannen sin etter 12 års ekteskap, til fordel for ei ung kvinne. Olga er ridd av sjalusi, raseri og sjølvforakt, og mistar sakte, men sikkert taket på omgivnadene sine. Ho dreg dei to ungane med seg i fallet. Svikne dagar er ein samtidsklassikar av ein forfattar som The New York Times har omtalt som «ein av dei store romanforfattarane i vår tid». Romanen har gripe lesarar over heile Europa med den usentimentale skildringa av moderskap, ekteskap og åleineliv. 

Boka kjem 8. mars


Den dunkle dottera

Den tilsynelatande enkle historia om ei kvinne som gler seg over å gjenoppdage seg sjølv, blir snart ei historie om ein frykteleg konfrontasjon med ei uoppgjord fortid.

I denne romanen utforskar Elena Ferrante dei motstridande kjenslene som knyter oss til barna våre.

Boka kjem i  september 2017


Kvelande kjærleik

Delias mor blir funnen død, flytande i sjøen. Driven av ei rekkje anonyme telefonoppringingar rekonstruerer Delia moras siste dagar, og innser etter kvart som ho oppdagar nye samanhengar, at mora slett ikkje var den personen Delia har trudd. For å nå fram til sanninga, må Delia vende tilbake til røtene sine, til barndommens Napoli.

Boka kjem i mars 2018


Elena Ferrante er fødd i Napoli. Sidan 1992 har ho gitt ut fleire kritikarroste romanar. Napoli-kvartetten har gitt Ferrante eit internasjonalt gjennombrot. Elena Ferrante er eit pseudonym. Ingen andre enn det italienske forlaget kjenner identiteten til Elena Ferrante.

Frå italiensk ved Kristin Sørsdal.

Emner


Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Velkommen til Samlaget!

Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Samlaget
Mariboes gate 13
Postboks 4672 Sofienberg 0506 OSLO