Gå videre til innhold
Trude Tjensvold er aktuell med ei sterk forteljing om flukt

Pressemelding -

Trude Tjensvold er aktuell med ei sterk forteljing om flukt

Firbeint flukt gjennom krigens landskap


Trude Tjensvold har skrive ei aktuell og sterk forteljing om flukt, fortald gjennom auga til ein hund.

Familiehunden Misty og Ruben er bestevener. Men då krigen kjem til landet, må familien til Ruben flykte. Ved ein feil blir Misty sperra inne i bombekjellaren til blokka der dei bur, og då ho kjem seg ut derifrå, har familien allereie flykta av garde. Misty bestemmer seg for å følgje spora etter familien for å finne dei att, for lukta av Ruben er overalt i byen og ho følgjer etter familien og alle dei andre som har flykta frå byen. For ein hund er ikkje berre ein god leikekamerat og turfølgje, ein hund kan gjere ein viktig jobb i krig og katastrofe, med sin sterke luktesans!

Historia om Misty er inspirert av ei sann historie om ein ukrainsk familie som trente opp familiehunden sin til minehund då krigen braut ut.

Misty åleine er Trude Tjensvold sin første roman for barn, og ho har òg illustrert boka. Ho debuterte som bildebokforfattar med Bo flyttar ut i 2016, som blei nominert til KUD debutantprisen 2016 og vann gull i Visuelt 2017. Ho har gitt ut fleire biletbøker, lettlesbøker og teikneserie for ungdom og sakprosa for dei yngste. Tjensvold kjem frå Stryn.

Lansering 27.mai.

Related links

Emner


Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Kontakter