Gå videre til innhold
Ulf Karl Olov Nilsson, ein av Sveriges mest sentrale poetar, no endeleg på norsk

Pressemelding -

Ulf Karl Olov Nilsson, ein av Sveriges mest sentrale poetar, no endeleg på norsk

For fyrste gong på norsk får vi med Forklaringsopplysningane presentert eit større utval dikt av den svenske poeten Ulf Karl Olov Nilsson – også kalla UKON. UKON er ein av dei viktigaste poetane i Sverige på 2000-talet, hylla for sin unike stil.

UKON syner at poesi kan vere eit vis å sjå verda på, gjennom ei ramme av ulike system og dikt som er både konseptuelle og politiske, realistiske og absurde. Med stor respekt og omtanke auser han av si lange røynsle som klinisk psykolog og psykoanalytikar, i ei kontinuerleg språkleg omforming.

Utvalet er konsentrert rundt midten av forfattarskapen, mellom samlingane Vädrets hjärna (1994) og Brukaren (2011), med tyngdepunkt i gjennombrotet Stammar frå 2002. I tillegg presenterer boka nokre nyskrivne dikt.

Utval og gjendikting ved Monica Aasprong. 

Sagt om Familjeoxymoronen (2003)

"Hos UKON er jo språket livsberande materie, eit slags mellommenneskeleg blodomløp. Poesien hans er i den forstand relasjonell i heile sitt vesen."
Amelie Björck, Göteborgs-posten

Sagt om Synopsis (2007)

"Trass i eksperimenteringa er UKON langt frå ein vanskeleg poet å lese, heller forrædersk enkel, nærast monoman. Og framfor alt er han morosam, grenselaust morosam. Når han testar ut klisjear, ser han ut til å ha det like gøy som eit barn med nye byggjeklossar, entusiastisk storøygd, men med eit demonisk smil og infamt glimt i auget. Det er finurleg og suverent."
Ann Lingebrandt, Helsingsborg Dagblad


Ulf Karl Olov Nilsson (f. 1965), også kalla UKON, er poet, kritikar, psykolog og psykoanalytikar. Han sit i redaksjonen for tidsskrifta Glänta og Arche. Han debuterte i 1990 med Kung-kung og slo gjennom med diktsamlinga Stammar (2002). UKON har gitt ut både poesi og essay i tillegg til fleire gjendiktingar, og i 2014 kom hans første roman.

Forfattar og omsetjar Monica Aasprong (f. 1969) står for utvalet og gjendiktinga. Ho har tidlegare gjendikta eit utval av UKONs tekstar til antologien Verden finnes ikke på kartet (Oktober, 2010).

Emner


Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Velkommen til Samlaget!

Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Samlaget
Mariboes gate 13
Postboks 4672 Sofienberg 0506 OSLO