Gå videre til innhold
Ungdomsbok om ei framtid der naturen har gått til grunne

Pressemelding -

Ungdomsbok om ei framtid der naturen har gått til grunne

Med Under, første bok i trilogien Søsteranarkistane, skreiv forfattarparet Sturla Bang og Hilde K. Kvalvaag fram ei dystopisk forteljing om opprøraren Ela. Universet er språkleg oppfinnsamt med innslag av både kinesisk og svensk. I Over får vi vite korleis det går vidare med Ela og dei andre i kampen mot diktatoren Ingmor.

Over startar der Under slutta. Men denne gongen er ikkje Ela og småsøstrene under bakken. Dei er på eit skip. Det regnar, og dei kan ikkje sjå land. Og ingen veit kor dei er på veg. Ela har endeleg funne igjen veslesøster Sika. Om bord på skipet styrer den vakre og mystiske Lamia. Men kven er ho, eigentleg?

- Vi skreiv Søsteranarkistane som ei påminning om kor gale det kan gå når nesten alle ressursar og all natur er brukt opp. I vårt univers er det berre maskinintelligensen Gröna Engor som tek natur på alvor. Vi ville også skrive feministisk, med jenter som hovudpersonar, og vise at det nyttar å gjere opprør, at ein person kan gjere ein skilnad, apropos Greta Thunberg eller vår heltinne Ela. Men no er vi forferda over å sjå at verda allereie liknar meir og meir på vårt univers, fortel Hilde K. Kvalvaag, som óg er miljøaktivist i Extinction Rebellion.

Hilde K. Kvalvaag har skrive fleire bøker for ungdom og vaksne. For Fengsla (2010) vann ho Brageprisen. Sturla Bang debuterte med Under (2017). Over er den andre boka dei har skrive i lag.

Emner


Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Relatert materiale

Velkommen til Samlaget!

Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Samlaget
Mariboes gate 13
Postboks 4672 Sofienberg 0506 OSLO