Gå videre til innhold

Pressemelding -

Unica Zürn endeleg på norsk med romanen "Mørk vår"

Unica Zürn (1916–1970) var tysk forfattar og biletkunstnar. Ho høyrde til dei avantgardistiske kretsane i Paris og hadde nære band til mange av surrealistane, som Max Ernst, Henri Michaux og særleg Hans Bellmer, som ho både arbeidde og budde saman med. Ho er mest kjend for anagrampoesien sin og automatteikninga – og for kortromanen Mørk vår (1969) som no kjem på norsk i Runa Kvalsunds omsetjing.

I år er det 100 år sidan  Zürn blei fødd, og med denne utgivinga blir Zürn for første gong tilgjengeleg på norsk. Mørk vår handlar om ei jente som veks opp i mellomkrigstidas Berlin med ein fråverande far og eit anstrengt forhold til mor si. Ei rekkje brutale hendingar fører til at barndommen får ein tidleg slutt. Fantasien blir det einaste vernet jenta har mot ein vanskeleg røyndom, som mellom anna omfattar ein incestuøs storebror og ei håplaus forelsking i ein framand ung mann.

Illustrasjonane i boka er laga av Hans Bellmer, og Olga Ravn har skrive etterordet.

Emner


Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

  • portrett Unika Zürn
    Lisens:
    All Rights Reserved
    Filformat:
    .jpg
    Størrelse:
    862 x 1313, 272 KB
  • omslag
    Lisens:
    All Rights Reserved
    Filformat:
    .jpg
    Størrelse:
    1417 x 2126, 334 KB