Gå videre til innhold
Unik biletbok om Noahs ark av Kenneth Steven og Øyvind Torseter

Pressemelding -

Unik biletbok om Noahs ark av Kenneth Steven og Øyvind Torseter

Historia om korleis hunden fekk våt snute av Kenneth Steven er ei unik biletbok illustrert av ein av Noregs dyktigaste illustratørar, Øyvind Torseter. Boka er alt selt til USA og Frankrike.

Då vatnet flommar over landet, bygger gamle Noah ei svær ark og tar om bord småkryp, husdyr og ville dyr av alle slag. Mens dei driv ute på havet skjer det forferdelege, båten spring lekk! Kva i all verda gjer ein då? Noah veit råd. Denne bildeboka er i tekst og bilde ei livlig gjenfortelling av den gamle fabelen om korleis hunden fekk våt snute.

Kenneth Steven (f. 1968) er frå Perthsire, Skottland. Han er lyrikar, barnebokforfattar og gjendiktar. Han har omsett bøker frå norsk til engelsk.

Øyvind Torseter (f. 1972) bur i Oslo. Torseter er illustratør, teikneserieskapar, bildekunstnar og forfattar. Han har illustrert fleire bildebøker mellom anna Avstikkere som han vann den prestisjetunge Bologna Ragazzi Award for.

Emner

Kategorier

Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Velkommen til Samlaget!

Samlaget
Mariboes gate 13
Postboks 4672 Sofienberg 0506 OSLO