Gå videre til innhold
Unik norsk biletbok gjer det stort i utlandet

Pressemelding -

Unik norsk biletbok gjer det stort i utlandet

Historia om korleis hunden fekk våt snute av Kenneth Steven og Øyvind Torseter (illustratør) er selt til  åtte land og fleire står truleg for tur. Forlag i USA, Japan, Frankrike, Tyskland , Italia, Korea, Russland og Spania har sikra seg rettane til den unike barneboka. Hagen Agency ved Eirin Hagen er utanlandsagent for boka.

Biletboka er i tekst og bilde ei livlig gjenfortelling av historia om Noahs ark og den gamle fabelen om korleis hunden fekk snute.

Kenneth Steven (f. 1968) er frå Dunkeld i Perthsire, Skottland. Har er poet, barnebokforfattar og gjendiktar. Han har omsett bøker frå norsk til engelsk.

Øyvind Torseter (f. 1972) bur i Oslo. Torseter er illustratør, teikneserieskapar, bildekunstnar og forfattar. Han har illustrert fleire bildebøker mellom anna Avstikkere som han vann den prestisjetunge Bologna Ragazzi Award for.

Emner

Kategorier

Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Velkommen til Samlaget!

Samlaget
Mariboes gate 13
Postboks 4672 Sofienberg 0506 OSLO