Gå videre til innhold
Unikt om livet som barn under 2.verdskrig!

Pressemelding -

Unikt om livet som barn under 2.verdskrig!

Jorun fortel om livet under den andre verdskrigen

Jorun Emilie Holm var 12 år den 9. april 1940, den dagen tyskarane invaderte Noreg.

Frå Lindøya utanfor Oslo såg ho tyske bombefly fly lågt over hustaket, på veg for å invadere Oslo. Brevet frå krigen er ei sterk og unik skildring av korleis det er å vere barn medan den andre verdskrigen går føre seg utanfor kjøkenvindauget. Gjennom dagleglivet til Jorun får vi lære om viktige hendingar i Noreg under krigen. Ho blei vekt av SS-soldatar på jakt etter Max Manus, såg skipet som frakta norske jødar til tyske konsentrasjonsleirar, og hadde skulevegen sin like ved Victoria Terrasse, der Gestapo heldt til. 

Boka er basert på samtalar, brev og dagbøker, og er rikt illustrert med unikt biletmateriale.

- Eg føler eg kjem på innsida av historiebøkene om andre verdskrigen når Jorun fortel. Eg får vite korleis det eigentleg var. Ho er eit augevitne til den tyske okkupasjonen, ei tid som har prega landet vårt og verda i åra etterpå. Det er ikkje så mange som lever i dag som kan fortelje om dette lenger, seier Ingunn Røyset. 

Det har no gått over 70 år sidan Noreg opplevde krig og okkupasjon på eiga jord. Brevet frå krigen lèt nye generasjonar bli kjende med denne dramatiske og avgjerande tida i norsk historie.

Det blir lanseringa av boka på Hjemmefrontsmuseet i Oslo torsdag 6.april kl.12.00

Ingunn Røyset (f. 1965) er utdanna sosionom, make-up-artist og landbruksavløysar og har jobba som sosialkurator, stylist og budeie. Den mangfaldige bakgrunnen har ho dei siste 15 åra brukt i jobben som journalist. Ingunn er opphavleg frå Hareid på Sunnmøre, men bur no på Flø i Ulstein kommune. Ho debuterte med Prins Storm i 2012.

Emner


Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Velkommen til Samlaget!

Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Samlaget
Mariboes gate 13
Postboks 4672 Sofienberg 0506 OSLO